Historisk arkiv

Meir tid til å ete på skulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted:

Helsedirektoratet tilrår at alle barn får minst 20 minutter til å spise. Berre halvparten av skulane i Noreg legg til rette for dette. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og helse- og omsorgsminister Bent Høie oppmodar alle kommunar til å gje barn og unge ei matpause på minst tjue minutt.

På tysdag legg regjeringa fram ny Nasjonal handlingsplan for eit betre kosthald. Der er utvida spisetid eitt av tiltaka. Skulemåltidet har ein viktig sosial funksjon, og er viktig for både helse, trivsel og læring. 

På måndag besøker kunnskapsministeren og helse- og omsorgsministeren Eiksmarka skule. Der får barna nok tid til å ete matpakka si.  

Det vil bli høve til å intervjue statsrådane, og det vil vere elevar og lærarar til stades. 

Tid:            Måndag 6. mars kl. 11.00

Stad:  Eiksmarka skole, Niels Leuchsvei 56, 1359 Eiksmarka