Statsbudsjettet:

Meir til scenekunstinstitusjonar i Rogaland

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til scenekunst i Rogaland med 5,3 millionar kroner.

Totalt foreslår regjeringa ei samla løyving til scenekunstformål på 2,1 milliardar kroner i budsjettframlegget for 2016.

- Løyvinga til scenekunstinstitusjonane sikrar rammevilkåra for kunstproduksjon og publikumsopplevingar av høg kvalitet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

I budsjettframlegget for 2016 er det foreslått å auke tilskotet til fleire regionteater for å styrkje produksjon, formidling og etterspurnad av scenekunst. Dette gjeld mellom anna tilskota til desse institusjonane:

  • 3,1 millionar kroner til Rogaland Teater, der 2 millionar kroner går til utgreiing av nytt teaterbygg
  • 1,2 millionar kroner til Haugesund Teater, der 1 million kroner går til dekning av auka utgifter til leige av nye produksjonslokale.

Regjeringa foreslår i tillegg eit tilskot på 1 million kroner til Opera Rogaland.

Regjeringa foreslår eit eingongstilskot på til saman 10 millionar kroner til vedlikehald av Den Nationale Scene og Rogaland Teater (5 millionar kroner til kvart teater). Dette er eit tiltak for å møte den utfordrande sysselsettingssituasjonen på delar av Vestlandet. (Sjå også eiga pressemelding om sysselsettingspakke kulturbygg.)

Regjeringa foreslår ei ytterlegare styrking og vidareutvikling av gåveforsterkingsordninga til også å omfatte mellom anna scenekunst. (Sjå eiga pressemelding om gåveforsterkingsordninga).