Historisk arkiv

Meir ungdomsmakt i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ni av ti kommunar har no etablert ei representasjonsordning for unge. Det er ein auke på ti prosentpoeng frå 2008.

Ni av ti kommunar har no etablert ei representasjonsordning for unge. Det er ein auke på ti prosentpoeng frå 2008.

- Det er bra at stadig fleire kommunar legg til rette for medverknad frå dei unge. Men vi er ikkje i mål før alle kommunane har etablert slike ordningar. Dei få som framleis ikkje har innført ungdomsrepresentasjon må gjere det, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Eg er oppteken av at forskjellege aldersgrupper er representerte i kommunale råd og utval.  Unge kjenner unge best. Difor er det viktig at dei får medverke i saker som gjeld dei sjølve, seier Navarsete. 

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet har Norsk Institutt for by- og regionforsking (NIBR) kartlagt politisk og administrativ organisering av kommunal verksemd. Dei har også sett nærare på organisering av tenesteproduksjonen og i kor stor grad kommunane til dømes nyttar marknadsmekanismar.

Eit generelt inntrykk er at organiseringa av kommunane er rimeleg stabil. Nokre av utviklingstrekka frå 2008 held fram:

  • Kommunane tek stadig meir i bruk ulike former for innbyggjardialog. Internett og sosiale medium blir viktigare i kommunikasjonen med innbyggjarane. 
  • Bruk av marknadsmekanismar held fram. Konkurranseeksponering av ulike tenesteområde er meir utbreidd.
  • Kommunal sektor formaliserer i større grad tiltak for arbeidsmiljø og personaladministrasjon på alle tenesteområde.
  • Tonivåmodellen er mindre utbreidd enn ved undersøkinga i 2008.
  • Nær alle kommunane (95 prosent) har ordførar som arbeidar på heiltid

Lenkje til rapporten