Samferdselsbudsjettet 2019

Meir veg for pengane og reduksjon i vedlikehaldsetterslepet

- Norge er avhengig av gode vegar for at folk skal kome seg fram. Gode velferdstenester og konkurransekraft krev både ein moderne infrastruktur med høg kvalitet og effektive og sikre transportløysingar. Regjeringa fortset satsinga på vedlikehald av og investering i vegar. Med dette budsjettforslaget opnar vi over 100 kilometer firefelts motorveg og reduserer vedlikehaldsetterlepet på veg med ytterlegare 1,8 milliardar kroner, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regjeringa foreslår å løyve 37,1 milliard kroner til vegformål i 2019. Dette er ei auke frå 2018 på 3,2 prosent. Av den foreslåtte løyvinga går 31,7 milliardar kroner til Statens vegvesen og 5,4 milliardar kroner til Nye Veier AS. Det er forslått 19 millionar kroner til Vegtilsynet.

Reduksjon av vedlikehaldsetterslepet
- Det er viktig å ta vare på det ein allereie har. Derfor har vi satsa kraftig på å vedlikehalde vegane i Norge dei siste åra. Denne regjeringa  klarte å redusere etterslepet på vedlikehald på riksvegar for første gong på fleire tiår i 2015. 2019 er dermed fjerde året på rad vi reduserer vedlikehaldsetterslepet, seier samferdselsministeren.

I statsbudsjettet for 2019 ligg det inne ei foreslått løyving på 5,7 milliardar kroner til vedlikehald og fornyingstiltak på riksvegar. Det samla vedlikehaldsetterslepet på riksveg vert redusert med om lag 1,8 milliardar kroner. Det er i hovudsak satsinga på tunnelar gjennom tunnelutbetringsprogrammet som reduserer etterslepet. Sidan 2015 er vedlikehaldsetterslepet blitt redusert med om lag 7 milliardar kroner.

- Sjølv om eg ikkje får klippe snorer, gjer godt vedlikehaldne vegar kvardagen tryggare og enklare for folk flest. Det er det som teller, seier Dale.

Regjeringa foreslår å øyremerkje 1,1 milliardar kroner til fylkesveger i 2019. Primært går løyvingane til tunnel-, fjell- og skredsikring og bygging av gang- og sykkelveg på belasta vegstrekningar. Dette skal sørge for ein tryggare reisekvardag for både dei som køyrer privat eller har vegen som arbeidsplass.

Regjeringa foreslår å fordele om lag 1,8 milliardar kroner etter kriterium knytte til opprusting, fornying og tunnelsikring av fylkesvegane over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett. Dette er en del av fylkeskommunane sine frie inntekter og vil sette fylkeskommunane i betre stand til å kunne ivareta fylkesvegnettet.

Investeringar er høgt prioritert
Regjeringa foreslår å løyve 19,7 milliardar kroner til investeringar på riksvegar.

- Vi fortset å bygge ut Norge. Samstundes skal vi ha meir veg for pengane. Vi må bruke dei gode tidene til å sjå på gode løysingar for framtida. Nye Veier AS har sidan starten i 2015 jobba for å redusere kostnadane i vegutbygging. Dei seier dei kan kutta opp mot 20 prosent i prosjekta dei bygger. Statens vegvesen jobbar også mot å få ned kostnadane i sine prosjekt. Tidligare i år inngjekk dei for første gong på mange år ein kontrakt av typen offentleg-privat samarbeid (OPS). Vi kan spare mykje på riktige kontraktsformer. Det heier vi på, seier samferdselsministeren.

Fleire store vegprosjekt skal opnast i 2019, inkludert to strekningar og ein delstrekning Nye Veier AS har bygd. E16 Sandvika-Wøyen i Akershus og rv. 13 Ryfast og Eiganestunnelen er blant dei største. Nye Veier AS planlegg å opne E18 Tvedestrand-Arendal og E18 Rugtvedt-Dørdal samt delstrekningen E6 Kolomoen-Kåterud. Til saman skal 104 kilometer firefelts motorveg opnast.

Statens vegvesen skal starte opp to store vegprosjekt. E39 Betna-Vinjeøra-Stormyra i Møre og Romsdal og Trøndelag og rv. 5 Kjøsnesfjorden i Sogn og Fjordane. Nye Veier AS startar opp fleire prosjekt, blant anna på begge prosjekta i Trøndelag. E6 Ranheim-Værnes på prosjektet E6 Ranheim-Åsen og E6 Kvål-Melhus på prosjektet E6 Ulsberg-Melhus. E39 Kristiansand vest-Lyngdal har oppstart og på E6 Moelv-Øyer førebur dei utbygging på alle tre delstrekningane.

Det er også foreslått løyvingar til førebuande arbeid på E18 Retvet-Vinterbro i Akershus og på dei to OPS-prosjekta rv. 555 Sotrasambandet i Hordaland og E10/rv. 85 Tjeldsund-Gullesfjordbotn-Langvassbukt i Troms og Nordland.

Ny tilskotsordning for utbetringar av tømmertransport
- Vi ønsker at norsk tømmertransport skal bli meir effektiv. Da er det fleire flaskehalsar på fylkesvegar som må utbetras. Derfor foreslår vi 25 millionar kroner for 2019 gjennom ei ny tilskotsordning, seier Dale.

Tilskotsordninga skal brukast på bruer som ikkje tåler lastebilar på 60 tonn. Statens vegvesen jobbar med eit forslag til program basert på innspel frå skog- og trenæringa.

Til toppen