Historisk arkiv

Meir lokaldemokrati på landbruksområdet: Kommunane veit best!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruksdepartementet

Frå neste år vil kommuane få meir å seie over sin eigen, lokale landbrukspolitikk. - Vi gir kommunane ny reiskap og vi gir dei pengar til å gjere ein jobb; Nå er det opp til dei sjølve å ta tak i utfordringane kvar på sin måte, seier landbruksminister Lars Sponheim. (08.10.2003)

Pressemelding

Nr.: 33
Dato: 08.10.2003

Kontaktperson:

Informasjonssjef Ottar Løvik, 22249105/14480477
Informasjonsrådgiver Ståle Norang 22249154/41438011

Meir lokaldemokrati på landbruksområdet:
Kommunane veit best!

Frå neste år vilkommuanefå meir å seie over sin eigen, lokale landbrukspolitikk. - Vi gir kommunane ny reiskap og vi gir dei pengar til å gjere ein jobb; Nå er det opp til dei sjølve å ta tak i utfordringane kvar på sin måte, seier landbruksminister Lars Sponheim.

Frå årsskiftet blir disponeringa av til saman ca. 230 millioner kroner overført frå staten til kommunane. Det gjeld tilskottsmidlar til landbrukets kulturlandskap, til nærings- og miljøtiltak i skogbruket, og til skogbruksplanlegging. Dei aller fleste sakene etter landbrukslovene (konsesjonslov, skogbrukslov og delingssaker etter jordlova) blir lagt til kommunane.

Rammeoverføringane til kommunane si landbruksforvaltning har ikkje blitt prisjustert sidan 1996. Nå blir det gjort, og overføringane blir auka frå 349 til 475 millioner kroner frå 2004. Nye landbrukskriterier for fordelinga vil styrke landbrukskommunane.

Frå 2005 blir det oppretta regionale miljøprogram med ei samla ramme på 350 millioner kroner.

- Regjeringa sitt mål er å ha eit landbruk over heile landet med eit mangfald av bruksstorleikar og driftsformer, slår landbruksminister Lars Sponheim fast. - Samstundes skal vi være klåre på at landbruket slik vi kjenner det i Norge er under press. Det tradisjonelle landbruket vil spele ei stadig mindre rolle i distrikts- og busetjingspolitikken. Bygdene må derfor ha fleire bein å stå på. Vi må stimulere til nyskaping, marknadsretting og betre lønsemd. - Vi må ha ein politikk for alle typer næringsverksemd som har til fellesnemnar at den blir drive med garden og bygda som utgangspunkt, seier Sponheim. - Og vi må ha ein politikk for alle dei som ønskjer å ha bygde-Norge med sitt særpreg og kvalitetar som råma om sine liv. Om lag 120.000 eigedomar har i dag først og fremst funksjon som buplass. - Det er på høg tid at vi utviklar ein politikk også for alle desse, seier landbruksministeren.

- Regjeringa har samla dette arbeidet i prosjektet Landbruk Pluss, som skal legge til rette for ny næringsaktivitet og attraktive buplassar i bygdene parallelt med strukturendringane i landbruket. Satsinga femner om både økonomiske virkemiddel og ein målretta eigedoms- og ressursforvaltningspolitikk. Det er viktig at ressursgrunnlaget på bygdene i større grad blir nytta til ulike typer næringsutvikling og til busetjing, også for borgarar utan direkte tilknyting til primærnæringane, seier Sponheim.

Landbruk Pluss må sjåast i samanheng med at kommunane nå får fleire oppgaver på landbruksområdet.

Målet er å medvirke til

  • Levande bygder med gode bu- og levevilkår og med rom for fritidsbruk og deltidsbusetjing.
  • Skape ein kultur for næringsutvikling og marknadsretting.
  • Desentralisering og demokratisering av landbrukspolitikken.

- Dersom vi skal lukkast i dette arbeidet, må landbruket bli sett meir i samanheng med annan næringspolitikk og ressurs- og miljøforvaltning, der kommunane er den sentrale aktøren, seier Sponheim. - Lokal og regional politikk må kome i staden for nasjonal politikk. Vi må styrke lokaldemokratiet ved å la kommunane få meir å seie på landbruksområdet, sier han.