Historisk arkiv

Meir pengar til fylkeskommunen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå og med budsjettåret 2002 vil Regjeringa delegere løyvinga til regionale samordningstiltak til fylkeskommunane. Dette er eit ledd i oppfølginga av stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken . Her legg Regjeringa opp til å styrkje fylkeskommunen som regional utviklingsaktør.

Pressemelding

Nr.: 153/2001
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002

Meir pengar til fylkeskommunen

Frå og med budsjettåret 2002 vil Regjeringa delegere løyvinga til regionale samordningstiltak til fylkeskommunane. Dette er eit ledd i oppfølginga av stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken . Her legg Regjeringa opp til å styrkje fylkeskommunen som regional utviklingsaktør.

Tilskotsordninga ”Regionale samordningstiltak” var eit nytt innslag på statsbudsjettet for 1999. Ho har til no vore forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet. Formålet med ordninga er få til samarbeid og samordning mellom offentlege regionale aktørar om utvikling og gjennomføring av prosjekt og program.

Tilskotsordninga vart evaluert i fjor. Det kom fram at ordningar fremjar samarbeid mellom fylkeskommunen og regionale statsorgan. Det viste seg òg at spennet i prosjekt og program som er utvikla og finansierte gjennom tilskotsordninga er stort, men at hovudtyngda ligg på kompetanseutvikling, tiltak retta mot ungdom og IKT.

Dei regionale aktørane har konkurrert om midlar, og departementet har gitt stønad til dei beste tiltaka etter tilråding frå fylkeskommunane. Fylkeskommunane har hatt ansvar for å kvalitetssikre og prioritere dei prosjekta og programma som har vore stønadsvurderte.

Delar av løyvinga har blitt brukt til samarbeidsprosjekt mellom departementa, og delar av løyvinga vil også neste år bli avsette til slike prosjekt.

For neste år gjer Regjeringa framlegg om å løyve 61,5 millionar kroner til regionale samordningstiltak.