Meklingsordning er på plass

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett forskrift om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Begge partar blir no pålagde å gjennomføre mekling om dei ikkje blir einige om minstepris gjennom forhandlingar, dersom ein av partane ber om det.

- Eg har tru på at denne forskrifta vil bidra til større grad av likeverd mellom partane innanfor lovas rammer, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Det blir oppretta to meklingsnemnder, ei for kvitfisksektoren og ei for pelagisk sektor, med tre medlemmer i kvar nemnd. Leiaren for begge nemndene blir oppnemnd av Riksmeklaren, og departementet nemner opp dei andre medlemmene etter forslag frå partane. Den nye forskrifta er i stor grad basert på forskrifta til råfisklova.

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag også fastsett forskrift om staten sine kontrollørar for fiskesalslaga. Kontrollørane har ein viktig funksjon, dei skal kontrollere at verksemda til salslaga blir gjennomført i tråd med gjeldande lov og forskrifter. Det er mellom anna krav til at kontrollørane har kompetanse og er uavhengige, og det er lagt opp til eit tettare samarbeid mellom salslaga, fiskarorgansisasjonane og kjøparorganisasjonane.

Verksemda til statens kontrollørar blir forskriftsfesta for å gjere det tydeleg at fiskesalslaga er underlagde ekstern kontroll. Det blir innført åremålsperiode på 6 år med høve til fornying av perioden éin gong. Tidlegare var det ei øvre aldersgrense som no blir fjerna. Departementet vil i løpet av 2014 nemne opp kontrollørar til kvart fiskesalslag, det vil seie at noverande kontrollørar held fram i sin funksjon inntil vidare.

Både forskrift om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar og forskrift om staten sine kontrollørar for fiskesalslaga har heimel i lov av 21. juni 2013 om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (Fiskesalslagslova). Forskriftene trer i kraft 1.1.2014, samtidig med lova.

Forskrift om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar

Forskrift om staten sine kontrollørar for fiskesalslaga