Historisk arkiv

Melby mottek rapport med tiltak som skal bøte på tapt læring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Arbeidsgruppa som har sett på tiltak som skal bøte på tapt sosial og fagleg læring, skal overlevere rapporten si til kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby tysdag 15. juni.

Nett-tv Melby mottek rapport med tiltak som skal bøte på tapt læring

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Koronakommisjonen slo fast at mange elevar har lært mindre. Også funn i andre rapportar og undersøkingar kan tydetyde på at fleire har opplevd å ha eit mindre læringsutbyte under pandemien.

Regjeringa sette difor ned ei arbeidsgruppe 13. mai som skulle sjå på kva tiltak som kunne settast inn. No kjem dei med rapporten "Skolen etter koronapandemien - Et løft for trivsel og læring". Den peikar på kva for hovudutfordringar skulane står framfor i dag, og kva ein bør gjere for å bøte på dei.

Arbeidsgruppa ha hatt 11 medlemmer frå skule- og forskingssektoren og vart leidd av utdanningsdirektør hos Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Grethe Hovde Parr.

Stad: Kunnskapsdepartementets lokalar i Kirkegata 18. Pressekonferansen blir strøymd på regjeringa.no.

Tid: Tysdag 15. juni klokka 12.00-12-45

Leiar for arbeidsgruppa presenterer rapporten og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby mottek og kommenterer den.

Etter framleggelsen er leiaren for arbeidsgruppa Grethe Hovde Parr, elevrepresentant i arbeidsgruppa Jo Sigurd Barlien og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby  tilgjengelege for pressa.

Det er berre journalistar som har høve til å vere til stades under overleveringa, men andre interesserte kan følgje overleveringa på regjeringa.no.

Journalistar som vil kome, bes melde seg på til Cathrine Slaaen Cathrine.Slaaen@kd.dep.no mobil 97677247.