Historisk arkiv

Mellombels endring i grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa har fastsett ei mellombels forskrift for grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane som gjer det mogeleg å ikkje leggje 2020 som grunnlagsår når dei søkjer om tilskot.

- Koronapandemien har gjort det vanskeleg å drive ordinær aktivitet i barne- og ungdomsorganisasjonane. Difor endrar vi forskrifta mellombels for at organisasjonane sjølv kan bestemme om dei legg 2019 eller 2020 til grunn i søknaden sin om støtte for 2022, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (Krf)

Grunnstøtta som går til barne- og ungdomsorganisasjonane legg aktivitet til grunn for utmåling av tilskot. Forskriftsendringa har vore på høyring og har fått brei støtte.

- Barne- og ungdomsorganisasjonane gjer eit viktig arbeid for mange og vi må gjere det vi kan for at dei kan oppretthalde aktivitetar og drift, sjølv om 2020 har vore prega av koronapandemien, seier Ropstad.

Det er Fordelingsutvalet som forvaltar tilskotsordninga på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet.

Forskrifta trer i kraft med ein gong og gjeld til 31. desember 2022. Departementet vil på eit seinare tidspunkt gjere ei ny vurdering av om den mellombelse forskrifta bør forlengast.