Historisk arkiv

Merkur stør opp om bokhandlarane i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Frå og med januar 2017 vert det lagt til rette for ei eiga støtteordning for bokhandlarar som vil styrke butikken som sosial og kulturell arena. Kvar butikk kan søke om inntil 50 000 kroner. – Bokhandlarar kan møte konkurransen med netthandel ved mellom anna å utvide tilbodet og skape sosiale og kulturelle møteplassar i lokalsamfunnet, seiar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Merkur Bok er ein del av Merkur-programmet. Målet er å sikre eit godt tenestetilbod i distriktsområde. Om lag 50 bokhandlarar er med i Merkur Bok. Det er sett av inntil 500. 000 kroner til føremålet.

Mange distriktsbokhandlarar står ovanfor store utfordringar, knytt til omstilling, mellom anna fordi mange av distriktsbokhandlarane mista skuleboksalet for nokre år sidan. I mange lokalsamfunn er bokhandelen ein viktig kulturinstitusjon. Det er viktig at butikkane omstiller seg, og finn sine nisjer og moglegheiter, ut frå føresetnader og potensial i lokalmarknaden.

Ordninga skal gjelde små bokhandlar i distriktsområde. Ordninga skal hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette mellom anna forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen. Erfaringane viser at ei slik satsing kan generere tilleggsinntekter og styrke bokhandelen sin posisjon som kulturinstitusjon. Støtta skal vere til tiltak ut over vanleg drift og marknadsføring av bokhandelen.

Meir informasjon om ordninga vert lagt ut på Merkur-programmet sine nettsider. Det vil bli utarbeidd retningslinjer for denne støtte-ordninga, som vil vere i drift frå 1.1.2017.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00