Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Midlar til medieforsking og mastergradsstipend

Medietilsynet skal fordele cirka fire millionar kroner til medierelaterte forskingsprosjekt og masteroppgåver neste år. Søknadsfrist er 1. oktober 2019.

Forskarar, journalistar, mastergradstudentar eller andre som har gode idear til forskingsprosjekt kan søkje. Tema må være medierelatert, og prosjekt med aktuelle tema som kjem folk og bransjen til gode vil bli prioritert.

Rådet for anvendt medieforskning (RAM) vil vurdere søknadene.

Sjå nettsida til Medietilsynet for meir informasjon

For spørsmål kontakt Medietilsynet ved Jan-Erik Andersen.

 

Til toppen