Historisk arkiv

Midlertidig vidareføring av dagens automatregime

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Avgjerda i Borgarting lagmannsrett legg ned forbod mot å innføra einerettsmodellen inntil rettskraftig dom foreligg. Samtidig blir det nedlagt forbod mot å avslå søknader frå operatørane om fortsatt oppstilling av automatar etter 1. januar 2005, grunngitt med eineretten. (08.12.04)

Pressemelding

Nr.: 154/04
Dato: 08.12.2004
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf. 913 46 557

Midlertidig vidareføring av dagens automatregime

Avgjerda i Borgarting lagmannsrett legg ned forbod mot å innføra einerettsmodellen inntil rettskraftig dom foreligg. Samtidig blir det nedlagt forbod mot å avslå søknader frå operatørane om fortsatt oppstilling av automatar etter 1. januar 2005, grunngitt med eineretten.

- Denne avgjerda tvingar fram ei midlertidig vidareføring av dagens uheldige automatregime. Eksisterande oppstillingsløyve blir forlenga fram til og med 30. juni 2005, samtidig som utplasseringa av Norsk Tipping sine automatar blir stansa, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

- Eg reknar med at det andre halvåret neste år vil foreligga ein rettskraftig dom i saka som avklarar kva for alternativ norske styresmakter har i følgje EØS-avtalen til å regulera automatmarknaden på ein sosialpolitisk ansvarleg måte, kommenterer statsråd Svarstad Haugland.

- Dei signala eg får frå behandlingsinstitusjonane for spelerelaterte sjukdommar er eintydige, nemleg at den noverande utviklinga av automatmarknaden medfører problem for stadig fleire. Eg vil derfor ikkje etterlata tvil om at det er mi hensikt å foreta radikale endringar i dagens gevinstautomatmarknad og at eg framleis håpar å få medhald i at ein einerettsmodell kan leggast til grunn for vår regulering av automatmarknaden slik Stortinget har vedtatt, understrekar Svarstad Haugland.

Spel på gevinstautomatar er no heilt ute av kontroll. Medan automatomsetninga i 2001 utgjorde om lag 9 milliardar kroner, auka den til 22 milliardar kroner i 2003. Spel på gevinstautomatar utgjer no nesten dobbelt så mykje som samla omsetjing på alle andre pengespel. Adferdsproblem i samband med speling eksisterte knapt i Noreg for nokre tiår sidan. Dette har no utvikla seg til å bli alvorleg sosialpolitisk problem, og det store fleirtalet av speleavhengige personar som søkjer hjelp oppgir automatane som hovudårsak.

Fleire alternativ vurderte i interimsperioden
Regjeringa har vurdert å innføra midlertidig totalforbod mot utplassering av automatar. Spelebransjen har gitt klart signal om at et slikt forbod umiddelbart vil bli rettsleg prøvd med påstand om at forbodet er i strid med EØS-avtalen. Av praktiske grunnar vil derfor eit totalforbud vanskeleg kunne gjennomførast i interimsperioden fram til rettskraftig dom om einerettsspørsmålet foreligg.

Regjeringa har også vurdert om det let seg gjera å stramma inn automatmarknaden i overgangsperioden. Dette byr imidlertid på store praktiske problem; m. a. er det nærare 200 private automatoperatørar som vil kunne reisa innseiingar mot ei slik innstramming. Regjeringa har derfor valt å basera den midlertidige forlenginga på dagens oppstillingsmønster.

Det er avsett i overkant av 900 millionar kroner til å kompensera frivillige organisasjonar for deira inntektstap for at det ikkje skulle stå oppstilt automatar i 2005. Kompensasjonen var utrekna på grunnlag av organisasjonane sine inntekter frå gevinstautomatane i 2001, noko som innebar ein større reduksjon i forhold til inntektene i seinere år. I og med at automatane no framleis vil stå utplasserte fram til og med 30. juni neste år vil kompensasjonsbeløpet falla bort. Organisasjonane vil bli meddelte dette ved eige brev frå Lotteritilsynet.

- Eg vil følgja organisasjonane si inntektsutvikling utover i 2005. Dersom ein einerettsmodell kan vera på plass i andre halvår neste år vil eg vurdera behovet for eit eventuelt nytt kompensasjonsbeløp, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland.

Redegjørelse fra kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Til toppen