Historisk arkiv

Miljøgebyr sikrar særeigen natur og kultur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet foreslår at tilreisande til Svalbard skal betale eit miljøgebyr. Gebyret skal gå til vern av natur og kulturminne på Svalbard gjennom Svalbard miljøvernfond. Departementet foreslår at gebyrordninga skal gjelde frå 1. januar 2007.

Pressemelding

Dato: 08.09.06

Miljøvernminister Helen Bjørnøy:

- Miljøgebyr sikrar særeigen natur og kultur på Svalbard

Miljøverndepartementet foreslår at tilreisande til Svalbard skal betale eit miljøgebyr. Gebyret skal gå til vern av natur og kulturminne på Svalbard gjennom Svalbard miljøvernfond. Departementet foreslår at gebyrordninga skal gjelde frå 1. januar 2007.

- Fondsmidlane vil vere eit verktøy som gjer det mogleg å meistre auken av turisme, friluftsliv og annan ferdsel på ein positiv måte. Utan tiltak kan det bli vanskelig å oppretthalde Svalbard sin spesielle villmark. Det kostar å verne, førebyggje og reparere, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Våren 2005 sende Miljøverndepartementet ut eit forslag om innføring av miljøgebyr på kr 150 for tilreisande til Svalbard på høyring. Fleire høyringsinstansar foreslo færre unntak frå gebyrplikta og eit enklare system for innkrevjing av gebyret. På bakgrunn av dette blei innføringa av miljøgebyret utsett.

Miljøverndepartementet fremjer no forslag om at det ved forskrift blir innført eit miljøgebyr i samband med reiser til Svalbard sine landområde. Forslaget legg opp til at alle tilreisande skal betale, med unntak av de fastbuande på Svalbard. Innkrevjinga av gebyret frå flypassasjerar skal skje via flybilletten, og det blir difor lagt opp til ei refusjonsordning for dei fastbuande. For tilreisande til Svalbard med båt, er det ikkje gjort endringar i forhold til forslaget frå 2005.

Inntektene frå miljøgebyret skal gå inn i Svalbard miljøvernfond, og skal berre nyttast til tiltak på Svalbard som har til formål å verne miljøet. Fondsmidlane skal i hovudsak nyttast til skjøtsel og vedlikehald, til gjenoppretting av miljøskadar, til undersøkingar av miljøtilstanden og kva som er årsak til endringar i miljøet. Fondet kan også nyttast til informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Dei totale årlege inntektene til Svalbard miljøvernfond frå miljøgebyret vil vere om lag 8 200 000 kr minus administrasjonskostnader, men på grunn av overgangsordningar i 2007 vil inntektene vere lågare dette året.

Kontaktperson: Tore Ising 22 24 59 96