Historisk arkiv

Miljøvennlege gyroaksjon startar i Lærdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Det er no sett i gang ein aksjon for å bli kvitt lakseparasitten Gyrodactylus salarias. Aksjonen skjer i ei av dei viktigaste lakseelvene i Noreg, Lærdalselva. (06.04.05)

Pressemelding

Dato: 06.04.05

Noregs første store miljøvennlege gyroaksjon startar i Lærdal

Gyrodactylus salarisDet er no sett i gang ein aksjon for å bli kvitt lakseparasitten Gyrodactylus salarias. Aksjonen skjer i ei av dei viktigaste lakseelvene i Noreg, Lærdalselva.

Dette er den første behandlinga i Noregs historie der ein brukar aluminium i staden for rotenon i behandlinga i eit stort vassdrag. Aluminium drep berre lakseparasitten, og ikkje alt anna liv i vatnet.

Lærdalselva er truleg den lakseelva i Noreg som er mest kjend internasjonalt. Målet med aksjonen er å få utrydda parasitten frå elva og frå denne viktige lakseregionen. Behandlinga vil i første omgang halde fram i om lag to veker, og det vil bli gjennomført ein ny aksjon til hausten. Dersom aksjonen lukkast, vil Lærdalselva vere fri for Gyro innan utgangen av 2006.

- Eg er særs nøgd med at vi no har fått ein ny og meir miljøvennleg metode for å utrydde Gyro. Denne behandlingsmetoden innleier ein ny æra i kampen mot lakseparasitten. Det er første gongen vi prøver ut denne metoden i eit stor vassdrag og eg har godt håp om at vi no skal få laksen tilbake til Lærdalselva, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide.

Lærdalselva vart smitta av gyro i 1996. I 1997 vart elva behandla med rotenon, men dessverre vart parasitten funnen att i 1999.

Gyro er den største enkelttrusselen mot villaksbestanden i Noreg. Dersom vi ikkje får kontroll over lakseparasitten, kan villaksen døy ut. Gyro i norske vassdrag fører til årlege samfunnsøkonomiske tap på 200-250 millionar kroner, og har til no kosta det norske samfunnet mellom tre og fire milliardar kroner. Ved å bruke aluminium i staden for rotenon blir laksen og dei andre dyra i elvene spart, og berre parasitten blir drepen. I tillegg slepp ein å bruke miljøskadelege løysemiddel.

Ein har sjølvsagt ingen garanti for at Lærdalselva blir fri for gyro, men tidlegare forsøk med aluminiumsmetoden har til no gitt svært gode resultat.

Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Steinar Hermansen, tlf. 22 24 58 86