Historisk arkiv

Milliardar å spare på statleg innkjøp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Fornyingsminister Rigmor Aasrud ønskjer auka samordning av statlege innkjøp, og foreslår at det blir etablert ei statleg eining som får ansvar for å inngå og forvalte rammeavtalar på staten sine vegne. Utrekningar viser at samfunnet kan spare minst to milliardar kroner på å etablere ei slik eining. Forslaget blir no sendt på høyring.

Fornyingsminister Rigmor Aasrud ønskjer auka samordning av statlege innkjøp, og foreslår at det blir etablert ei statleg eining som får ansvar for å inngå og forvalte rammeavtalar på staten sine vegne. Utrekningar viser at samfunnet kan spare minst to milliardar kroner på å etablere ei slik eining. Forslaget blir no sendt på høyring.

- Staten gjer innkjøp for meir enn 160 milliardar kvart år. Dette er fellesskapet sine pengar som eg ønskjer å bruke så effektivt som  mogeleg. Derfor foreslår vi auka samordning av statlege innkjøp, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Samfunnsøkonomiske analysar viser at samordning av statlege innkjøp kan spare inn mellom to og 12 milliardar kroner.

- Samordning av statlege innkjøp gir innsparingar for oppdragsgivarar og tilbydarar gjennom meir effektive prosessar for innkjøp, betre vilkår og lågare prisar. Det gir også betre oppfølging av leverandørar og kontraktar, seier Aasrud.

Erfaringar frå nordiske og europeiske innkjøpssentralar viser og at det er meir å tene på slik samordning, til dømes: 

  • meir effektiv organisering og oppgåvefordeling i staten
  • betre evne til å handtere omsyn til miljø, samfunnsansvar, innovasjon, beredskap, og omsyn til små og mellomstore bedrifter.
  • bruk av elektroniske og meir effektive innkjøpsprosessar, betre rapportering og etterleving  av regelverket for anskaffingar. 

I følgje høyringsnotatet kan samordning også auke risikoen for favorisering av store leverandørar og redusert konkurranse i enkeltmarknader.

- Det er viktig at vi unngår å vri marknaden og skape hindringar for at små og mellomstore bedrifter kan konkurrere om leveransar til staten. Vi har foreslått tiltak for å unngå slike konsekvensar, men eg ønskjer også innspel på dette frå leverandørar og oppdragsgivarar, seier Aasrud.

Høyringsfristen er 10. desember 2013.

Til toppen