Historisk arkiv

Millionar til innovasjon i bioøkonomien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Innovasjon Norge og Forskningsrådet tildeler 4 millionar kroner til 11 innovative forprosjekt innan bioøkonomien. Ni bedrifter får midlar til elleve prosjekt.

– Regjeringa har nyleg lagt fram ein nasjonal strategi for bioøkonomistrategi. Forskningsrådet og Innovasjon Norge har vore viktige rådgjevarar i arbeidet med strategien, og vil ha ei sentral rolle i oppfølgjinga. Det er positivt at dei så raskt følgjer opp, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Ordninga med forprosjekt skal stimulere bedrifter til å utvikle innovative idéar som leiar fram mot nye innovasjonsprosjekt. Utlysinga av forprosjektmidlar har stilt færre formelle krav enn ordinære innovasjonsprosjekt. Dette skal gjere det lettare for små og mellomstore bedrifter å gå i gong med å utvikle nye idéar og løysingar. Seksten bedrifter søkte til saman om 6,2 millionar kroner. Dei ni bedriftane som har fått tilsagn er innvilga 400.000 kroner til kvart prosjekt.  

Seks prosjekt får midlar frå Forskningsrådet:

  • Kartleggjng av potensiale for utnytting og verdiskaping basert på restråstoff frå krabbeforedling (Nutrimar AS)
  • Innstikkmåler for biomarkørar (Techni AS)
  • Ny teknologi for produksjon av høykvalitet lakseolje (Nutrimar AS)
  • InvertaPro Assessing the economic viability of insect-based animal feed production in the Nordics (Norway) (Invertapro AS)
  • Utvikling av id og lokaliseringsmerke (Techni AS)
  • Marine alger for bedre hjartehelse: Framstilling av eit nytt og vitskapleg forankra kosttilskudd frå marine biokomponentar (Marvita AS)

Fem prosjekt får midlar frå Innovasjon Norge:

  • Novel biodegradable thermoplastic composition from potato peel waste (NORNER AS)
  • Utvikling av kompakt hydrolyseanlegg for uttesting til bionæringen (N OG U AS)
  • Bærekraftig produksjon av animalsk protein basert på bruk av kategori 2-fisk som insektsfôr (Norinsekt AS)
  • Development of an extraction method for phenolic compounds from plant-based waste products (IDIA AS)
  • Algeproto (Nouveau AS)


  • Meir om tildelinga hjå Forskningsrådet 
  • Meir om tildelinga hjå Innovasjon Norge