Historisk arkiv

Mindre villmark i Noreg enn ein tidlegare rekna med

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet


PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet


08. desember 1995

Mindre villmark i Noreg enn ein tidlegare rekna med

-Noreg har mindre att av villmarksprega område enn ein har trudd. Det aller meste av landet vårt er prega av inngrep av eitt eller anna slag. Det vil vere til god hjelp for planleggjarar på alle nivå at dei no får eit materiale som syner nøyaktig kva for restområde av urørt natur som står att i dei ulike delane av landet.

Det sa miljøvernminister Thorbjørn Berntsen på ein pressekonferanse i Tromsø måndag, då han presenterte nye kart over inngrepsfrie og villmarksprega område i Noreg, slik situasjonen var 1. januar 1994. Karta er utarbeidde av Direktoratet for naturforvaltning, Statens kartverk og fylkesmennene, og dei syner at omfanget av inngrepsfrie naturområde i Noreg er mindre enn ein har trudd til no.

I Sør-Noreg med Trøndelag var det i 1994 berre fem prosent av arealet som låg mindre enn fem kilometer frå næraste tyngre tekniske inngrep. For fylka i Nord-Noreg var situasjonen noko annleis, med tolv prosent i Nordland, 19 prosent i Troms og 37 prosent i Finnmark. I Noreg sett under eitt låg om lag tolv prosent av arealet meir enn fem kilometer frå tyngre tekniske inngrep.

Så seint som i 1992 vart det gjennomført utrekningar som konkluderte med at talet var 22 prosent for landet sett under eitt. Det er nye og betre utrekningsmåtar som gjer at tala no er korrigerte. Den viktigaste grunnen til at ein no har kome fram til eit lågare tal, er at område som ligg nær kraftlinje eller traktorveg ikkje lenger blir rekna som inngrepsfrie område.

Dei inngrepsfrie naturområda er framstilt både på eit landsdekkjande kart og på fylkesvise kart.

Miljøvernstyresmaktene skal no gå i gang med å undersøke korleis situasjonen var i 1988. Dei skal konstruere kart ved hjelp av opplysningar om kva for inngrep som har skjedd etter det året. Det vil òg bli utarbeidd kart som viser situasjonen 1. januar 1997. Når desse opplysningane blir sette saman, veit ein kor stor reduksjonen i inngrepsfrie og villmarksprega område har vore dei siste ni åra. Ein veit òg mykje om kva for type tiltak som medvirkar mest til å redusere slike område. Materialet vil bli ferdig utvikla innan eit par år.

Kart i A4-format som syner villmarksområde i Noreg i 1900 og villmarksprega område i 1994 kan tingast frå Aase Wiig, Direktoratet for naturforvaltning, tlf. 73 58 05 93


Nærmare opplysningar:

Avdelingsdirektør Ola Skauge, Direktoratet for naturforvaltning Tlf. 73 58 05 89
Kontorsjef Reidar Dahl, Direktoratet for naturforvaltning Tlf. 73 58 05 91
Førstekonsulent Ole T. Nyvoll, Direktoratet for naturforvaltning Tlf. 73 58 06 31


Lagt inn 8 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen