Minnemarkeringar 22. juli

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

22. juli er det fire år sidan åtaka på regjeringskvartalet og Utøya. Både i Oslo og på Utøya er det minnemarkeringar denne dagen. Same dag opnar 22. juli-senteret i Oslo.

Nett-tv Nett-TV: Minnemarkering 22. juli

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kl. 09.30
Minnemarkering i regjeringskvartalet (området mellom Høgblokka og Akersgata)

John Hestnes frå nasjonal støttegruppe ønsker velkomen. Statsminister Erna Solberg talar og legg ned krans. I tillegg talar AUF-leiar Mani Hussaini og parlamentspresident i Europarådet Anne Brasseur.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner held ein kort tale i samband med at 22. juli-senteret blir opna for publikum seinare på dagen. 
Senteret ligg i Høgblokka i regjeringskvartalet. Utstillinga er open for publikum frå kl. 14.00.

Kl. 12.00
Gudsteneste i Oslo domkyrkje

Statsminister Erna Solberg deltek på gudsteneste i Oslo domkyrkje. Tema er fredstankar, framtid og håp.

Kl. 16.00
Minnemarkering på Utøya

AUF og Støttegruppa inviterer til minnemarkering på Utøya. Statsminister Erna Solberg deltek og vil leggje ned ein krans på vegner av regjeringa.

Minnemarkeringa i regjeringskvartalet blir vist på nett-tv på regjeringa.no.
Gudstenesta i Oslo domkyrkje blir overførd på NRK 1.

Heile programmet ligg på nettsidene til Støttegruppa