Historisk arkiv

Gode møte i Dublin for Berger Røsland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland møtte sin irske kollega, Helen McEntee, i Dublin torsdag 9. november.

For Noreg er det viktig å kommunisere til EU-landa at vi i aller høgste grad blir råka av brexit sjølv om vi ikkje er medlem av EU. Gjennom EØS-avtalen er Noreg fullt ut medlem av EUs indre marknad. Dei avtalane som EU-sida og Storbritannia blir einige om i brexit-forhandlingane, blir difor også viktige for oss.

Marit Berger Røsland og Helen McEntee
Statsråd Marit Berger Røsland diskuterte brexit-forhandlingane med sin irske kollega Helen McEntee under vitjinga i Dublin. Foto: Ane Haavardsdatter Lunde, UD

Dette var det mest sentrale temaet då Berger Røsland møtte Helen McEntee. Den norske statsråden fekk også høyre dei irske vurderingane av brexit. Irland er det landet i EU som har dei næraste historiske, politiske og økonomiske relasjonane til Storbritannia og som vil bli hardast råka når Storbritannia går ut av EU.

I tillegg er irske styrkesmakter uroa over at ein hard brexit vil kunne føre til ei ny fysisk grense mot Nord-Irland og ny politisk uro i grenseområda. Det er i hovudsak jordbruksprodukt som blir eksportert frå Nord-Irland til Republikken Irland. Om Storbritannia ikkje held fram som medlem i EUs tollunion og indre marknad, vil det være vanskeleg å føre vidare ei usynleg og åpen grense som i dag. Irane var difor svært interesserte i korleis dette fungerer på grensa mellom Noreg og Sverige/Finland, som båe er medlemar av EU.

Dei to europaministrane frå Noreg og Irland er båe ferske i ministerposten. Dei diskuterte også moglegheita for eit nærare samarbeid mellom Noreg og Irland på ulike felt. Brexit har gjort at irske styresmakter ser seg om etter nye strategiske samarbeidspartnarar i Europa. Dei nordiske landa er ein interessant samarbeidsregion for Irland. Frå irsk side er det eit sterkt ynskje om å etablere eit strategisk havsamarbeid med Noreg. Dei to statsrådane diskuterte også moglegheita for samarbeid om likestillingsspørsmål.

Under Irland-besøket heldt Berger Røsland innlegg for ein fullsatt sal hos Irlands mest sentrale tankesmie, Institute of International and European Affairs (IIEA), der ho presenterte norske perspektiv på EU-samarbeidet og brexit.

Noreg er det nordiske landet med dei næraste historiske banda til Irland. Alle dei større kystnære byane på austkysten av Irland vart etablerte av norske vikingar. Dublin, der Berger Røsland hadde sine møte, er eit døme. Noregs fyrste helgen, St. Sunniva, var fødd irsk og ho er eit døme på dei nære kulturelle relasjonane mellom dei to landa som varte heilt opp til reformasjonen.