Historisk arkiv

Mogleg å utvide rushtidstilbodet på Østfoldbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa vil gjere togtransport meir attraktivt i og mellom dei store byområda. Eg er oppteken av at dei reisande skal få eit betre togtilbod. Difor bad eg tidlegare i år Jernbanedirektoratet om å sjå på moglegheitene for å utvide rushtida på Austlandet. Vi skal no gå igjennom vurderinga frå Jernbanedirektoratet, som tilrår å auke rushtidtilbodet noko, ikkje minst på Østfoldbanen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Jernbanedirektoratet fekk i mars i år i oppdrag å sjå nærmare på moglegheita for å utvide togtilbodet med høgare frekvens i større deler av driftsdøgnet enn i dag, primært gjennom ei utviding av rushtidsperioden på Austlandet. Bakgrunnen var den sterke auken i talet på togreiser dei siste åra, og framskrivingar for folkeveksten som indikerer behov for eit styrkt togtilbod i åra framover.

Vurderingane til Jernbanedirektoratet hat tatt utgangspunkt i eksisterande infrastruktur og dagens togmateriell.  I arbeidet har Jernbanedirektoratet hatt dialog med Bane NOR og Vy. Rapporten viser at tilbodsforbetringane kan tre i kraft delvis i 2020 og i 2021.

- Vi vil no gå gjennom rapporten med sikte på å utvide tilbodet til dei pendlande, seier Dale.

For fleire opplysningar – sjå:

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet (kvardagar kl. 08-16)