Historisk arkiv

Mogleg kryssing av Hadselfjorden: Vegdirektoratet skal utarbeide konseptvalutgreiing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ei utgreiing av fast samband over Hadselfjorden vil kunne knyte Lofoten og Vesterålen tettare saman og leggje til rette for regional utvikling. Nye vegar bidrar til å utvide bu- og arbeidsmarknadene i landet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet har i dag gitt Vegdirektoratet i oppdrag å utarbeide ei konseptvalutgreiing (KVU) for kryssing av Hadselfjorden i Nordland.

Utgangspunktet for KVU-en skal vere å sjå på moglegheita for å knyte Lofoten og Vesterålen saman med eit fast vegsamband. KVU-en skal vere på eit overordna nivå, med vekt på å sjå heile transportsystemet i samanheng. I arbeidet skal Vegdirektoratet mellom annan sjå på ulike grenseflater mellom veg, ferjestruktur og lufthamnstruktur. Per i dag kan dei reisande bruke det fylkeskommunale ferjesambandet Melbu-Fiskebøl for å krysse Hadselfjorden, eller dei må køyre E10 og Rv 85.

Vidare prosess
Vegdirektoratet skal så fort som mogeleg utarbeide eit såkalla utfordringsnotat. Det skal mellom anna innehalde sentrale utfordringar, framdriftsplan og organisering av KVU-en. På bakgrunn av utfordringsnotatet skal Samferdselsdepartementet fastsetje mandat og samfunnsmål for utgreiinga.

For fleire opplysningar – sjå:

· Brev av 12.02.16 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet (pdf)