Historisk arkiv

Molde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Molde

Statsminister Erna Solberg ønskjer å besøkje ulike delar av landet som er hardast råka av auka arbeidsløyse. Statsministeren starta reiserunden sin i Stavanger, og held nå fram i Molde. Situasjonen i olje- og gassnæringa og ringverknader for lokalsamfunnet vil vera sentrale tema. Tema vil også vera nye mogelegheiter, omstilling og nye jobbar.

Kl. 09.35: Statsministeren besøkjer Brunvoll AS i Molde. Adresse: Strandgata 4 i Molde.

Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer National Oilwell Varco. Adresse: Grandfjæra 24A i Molde.

Kl. 12.00: Statsministeren møter gründerar og har møte med næringsliv, arbeidsfolk og lokale myndigheiter om omstilling i Molde Kunnskapspark. Adresse: iKuben, Britvegen 4.

Kl. 15.00: Statsministeren taler ved opninga av Romsdalsmuseet. Adresse: Per Amdamsvei 4 i Molde.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.