Historisk arkiv

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim:

Møre og Romsdal får 36 nye naturreservat for sjøfugl

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Kongen har i statsråd i dag oppretta 36 nye naturreservat for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal. Vernet skal sikre bevaring av viktige hekkeområde for sjøfugl med tilhøyrande plante- og dyreliv på land og i sjø, og beskytte sjøfugl mot forstyrring i hekketida.

Kongen har i statsråd i dag oppretta 36 nye naturreservat for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal. Vernet skal sikre bevaring av viktige hekkeområde for sjøfugl med tilhøyrande plante- og dyreliv på land og i sjø, og beskytte sjøfugl mot forstyrring i hekketida.

-  Sjøfuglbestandane våre er under aukande press. Endringar i fødetilgang og klima, utbygging og attgroing av hekkeområde og forstyrring under hekkinga er nokre av truslane. Eg er glad vi nå får verna disse viktige hekkeområda i Møre og Romsdal. Det er viktig at alle nå støttar opp om vernet, slik at det kan få god effekt, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Dei 36 naturreservata er fordelt på 19 kommunar, og utgjer totalt om lag 53 km2. Av dette er 6 km2 land og 47 km2 tilhøyrande sjøareal.       

Storskarv. Foto: Asbjørn Børset.
Storskarv. Foto: Asbjørn Børset.

Avgrensing av verneområda og utforming av verneforskriftene er tilpassa lokale forhold og brukarinteresser så langt mogleg. Fiske, ferdsel på sjø og dykking tillates, og det er lagt til rette for vidareføring av husdyrbeite. Det er òg lagt til rette for etterbruk av fyr og for Kystverkets sine nødvendige aktivitetar. I nokre av områda kan hausting av tare halde fram, mens andre stengast for tarehausting av omsyn til hekkande skarv og teist.
 
All ferdsel i verneområda skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. Ferdsel på land i hekkeområda vert med nokre unntak forbode i hekkesesongen 1. mai - 31. juli. Av omsyn til behov for informasjon og merking trer verneforskriftene først i kraft etter årets hekkesesong, det vil seie 1. august 2010. Områda har fram til det likevel status som vedtekne verneområde, og det er ikkje er lov til å gjere noko som kan true verneverdiane i områda. Der attgroing er et problem, skal det utarbeidast skjøtselsplanar for områda.

Denne verneplanen er den siste av de tematiske fylkesvise verneplanane i Møre og Romsdal. Oppgåva med å oppretta verneplanar for myr, edellauvskog, havstrand/elveos, våtmark og hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal er dermed fullført.

Orskjera. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 
Orskjera. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Faktaark

Verneplan for hekkende sjøfugl i Møre og Romsdal (pdf)

Oversiktskart

Verneplan for hekkande sjøfugl - Møre og Romsdal fylke (pdf)

Kongelig resolusjon

Verneplan for hekkende sjøfugl i Møre og Romsdal

Forsrifter

36 forskrifter (Norsk Lovtiden) 

  1. Grip naturreservat, 0,801 km2 i Kristiansund kommune
    Kart (pdf)
  2. Vegsundholmane – Veibustholmen naturreservat, 0,355 km2 i Ålesund og Sula kommuner
    Kart (pdf)
  3. Eggholmane – Lisjeholmen naturreservat, 3,274 km2 i Sande kommune
    Kart (pdf)
  4. Riste naturreservat, 1,568 km2 i Sande kommune
    Kart (pdf)
  5. Nupafjellet naturreservat, 1,141 km2 i Sande kommune
    Kart (pdf)
  6. Svinøya naturreservat, 0,539 km2 i Herøy kommune
    Kart (pdf)
  7. Muleneset naturreservat, 0,447 km2 i Herøy kommune
    Kart (pdf)
  8. Sandøya - Vattøya naturreservat, 2,007 km2 i Ulstein kommune
    Kart (pdf)
  9. Eggholmen naturreservat, 0,172 km2 i Ulstein kommune
    Kart  (pdf)
  10. Flørauden naturreservat, 0,234 km2 i Ulstein kommune
    Kart (pdf)
  11. Vindfarholmen naturreservat, 0,052 km2 i Volda kommune
    Kart (pdf)
  12. Erkna naturreservat, 1,007 km2 i Giske kommune
    Kart (pdf)
  13. Langholmen naturreservat, 0,717 km2 i Giske kommune
    Kart (pdf)
  14. Storholmen naturreservat, 0,406 km2 i Giske kommune
    Kart (pdf)
  15. Sætredalen naturreservat, 0,337 km2 i Giske kommune
    Kart (pdf)
  16. Gjøsundholmen naturreservat, 1,824 km2 i Haram kommune
    Kart (pdf)
  17. Måsehamrane naturreservat, 0,176 km2 i Haram kommune
    Kart (pdf)
  18. Haramsøya vestside naturreservat, 0,901 km2 i Haram kommune
    Kart (pdf)
  19. Kjepina naturreservat, 0,064 km2 i Haram kommune
    Kart (pdf)
  20. Husfjellet naturreservat, 0,181 km2 i Haram kommune
    Kart (pdf)
  21. Svetlingane naturreservat, 0,119 km2 i Haram kommune
    Kart (pdf)
  22. Rødholmen naturreservat, 0,438 km2 i Haram kommune
    Kart (pdf)
  23. Feøya naturreservat, 0,404 km2 i Vestnes kommune
    Kart (pdf)
  24. Vistdalsholmen naturreservat, 0,127 km2 i Nesset kommune
    Kart (pdf)
  25. Prestholmen naturreservat, 0,084 km2 i Nesset kommune
    Kart (pdf)
  26. Tautra vest naturreservat, 1,603 km2 i Midsund kommune
    Kart (pdf)
  27. Sveltingen naturreservat, 0,150 km2 i Sandøy kommune
    Kart (pdf)
  28. Røssholmen – Skjela - Oterholmen naturreservat, 3,406 km2 i Sandøy kommune
    Kart (pdf)
  29. Saltstein - Kløvningen naturreservat, 12,082 km2 i Aukra/Sandøy kommune
    Kart (pdf)
  30. Orholmen - Grøningen naturreservat, 4,174 km2 i Aukra kommune
    Kart (pdf)
  31. Tromskjera - Mannskjera naturreservat, 2,712 km2 i Averøy og Eide kommuner
    Kart (pdf)
  32. Orskjera naturreservat, 10,696 km2 i Averøy/Eide kommune
    Kart (pdf)
  33. Fugløya naturreservat, 0,261 km2 i Kristiansund kommune
    Kart (pdf)
  34. Bøfjordholmane naturreservat, 0,334 km2 i Surnadal kommune
    Kart (pdf)
  35. Eidsholmen naturreservat, 0,107 km2 i Aure kommune
    Kart (pdf)
  36. Skalmen naturreservat, 0,232 km2 i Smøla kommune
    Kart (pdf)

Endringsforsrifter

  1. Flø fuglefredingsområde med tilgrensande dyrelivsfreding, Ulstein kommune (Norsk Lovtidend)
    Kart (pdf)
  2. Forskrift om endring av forskrift om fredning av enkelte fuglearter på fyrstasjonar (Norsk Lovtidned)

Skalmen. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Skalmen. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 

Til toppen