Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

260 millionar kroner meir til Møre og Romsdal neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 260 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 260 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

1502 Molde

21,2

1504 Ålesund

39,2

1505 Kristiansund

17,8

1511 Vanylven

2,8

1514 Sande

2,1

1515 Herøy

9,5

1516 Ulstein

5,5

1517 Hareid

4,2

1519 Volda

5,8

1520 Ørsta

8,4

1523 Ørskog

2,4

1524 Norddal

1,6

1525 Stranda

4,4

1526 Stordal

1,2

1528 Sykkylven

5,8

1529 Skodje

3,8

1531 Sula

6,8

1532 Giske

7,1

1534 Haram

7,8

1535 Vestnes

5,0

1539 Rauma

6,5

1543 Nesset

2,6

1545 Midsund

2,0

1546 Sandøy

0,9

1547 Aukra

3,0

1548 Fræna

8,4

1551 Eide

2,9

1554 Averøy

4,5

1557 Gjemnes

2,0

1560 Tingvoll

3,2

1563 Sunndal

4,9

1566 Surnadal

4,5

1567 Rindal

2,2

1571 Halsa

1,1

1573 Smøla

2,2

1576 Aure

2,6

Møre og Romsdal

215,9

 

Møre og Romsdal fylkeskommune

44,2

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.