Møreforsking Molde AS skal vurdere flyrutekjøpa til staten i Nord-Noreg

Samferdselsdepartementet har gitt Møreforsking Molde AS i oppdrag å lage ei utgreiing om flyrutekjøpa til staten i Nord-Noreg. Føremålet med den uavhengige utgreiinga er å få eit betre grunnlag for å sikre eit godt flytilbod som er tilpassa behovet i landsdelen.

Møreforsking Molde AS vann anbodskonkurransen som Samferdselsdepartementet lyste ut 6. november i fjor. Møreforsking Molde As får med med seg underleverandørane Transportøkonomisk institutt og Sjurelv & Kufaas AS til å utarbeide rapporten. 

Rapporten vil vere ein del av grunnlaget for arbeidet i Samferdselsdepartementet med krav som skal gjelde for flyrutene i neste kontraktperiode, frå 1. april 2017 og inntil fem år framover.

Vidare framdrift
Utgreiinga om det statlege kjøpet av flyruter i Nord-Noreg skal leverast Samferdselsdepartementet innan 30. april 2015. Rapporten blir offentleg, og kjem til å vere ein del av høyringa som Samferdselsdepartementet skal gjennomføre før neste kontraktperiode blir lyst ut våren 2016.

 
For fleire opplysningar om kva rapporten skal innehelde – sjå:

  • Pressemelding av 6. november 2014 frå Samferdselsdepartementet om anbodsutlysinga.