Mot ny rekord i hagebruket i Sogn og Fjordane

Lite vinterskadar og tidleg vår med gode pollineringstilhøve skapar optimisme i hagebruket i Sogn og Fjordane. I Lærdal har dei allereie hausta dei fyrste tidlegpotetane, og på Sandane har dei hausta dei første Korona-jordbæra i tunnel.

Etter ein sesong i 2015 som var under gjennomsnittet for hagebruket i Sogn og Fjordane, ser sesongen i 2016 svært lovande ut. Ein mild vinter har gitt lite vinterskadar på frukt og bærbuskar. Den gode våren med høge temperaturar og tørt ver, har sikra tidleg start og god pollinering og fruktsetting dei fleste stadar i fylket. 

Norske jordbær.
Den gode våren med høge temperaturar og tørt ver, har sikra tidleg start og god pollinering og fruktsetting dei fleste stadar i fylket. Norske jordbær. Foto: Landbruks- og matdepartementet