Presseinformasjon

Møte for kvinnelege utanriksministrar i Montreal 21.-22. september

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vil delta på det fyrste møtet for verdas kvinnelege utanriksministrar. Møtet finn sted i Montreal i Canada frå 21. til 22. september.

Canadas utanriksminister, Chrystia Freeland og EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Federica Mogherini er vertskap for møtet

Media som ynskjer å dekke møtet må akkreditere seg via Canadas utanriksdepartement (sjå lenke) innan 13. september kl. 1700 (canadisk tid). 

Meir informasjon om program og arrangementer vil bli tilgjengeleg via heimesidane til arrangøren. 

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022

Til toppen