Presseinvitasjon

Møte med aktørane i leigemarknaden

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fredag 12. august skal statsråd Sigbjørn Gjelsvik møte ulike aktørar i utleigemarknaden for å diskutere den vanskelege situasjonen i leigemarknaden med få bustadar og høge priser.

Den siste tida har det vært utfordringar på leigemarknaden i dei store byane med få bustader og høge priser. Utfordringane blir forsterka med studiestart og at prisane aukar generelt i samfunnet.

Statsråden har difor invitert aktørane i leigemarknaden til eit møte for å høyre kva som kan gjerast for å leggje til rette for gode forhold på leigemarknaden.

Møtet er i departementet sine lokale klokka 8. Presse kan ikkje delta på sjølve møtet, men det er satt tid til kommentarar frå klokka 8.45-9.

Desse deltek på møtet:

  1. Leieboerforeningen
  2. Huseierne
  3. Forbrukerrådet
  4. Norsk Eiendom
  5. Steinar Moe + ein til to utleigarar til
  6. Finn.no
  7. NSO
  8. Husleietvistutvalget, Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken (lytterolle)

Send ein e-post til ke@kdd.dep.no eller ring pressetelefonen på 22 24 25 00 viss du ønskjer ein kommentar etter møtet.