Møte med norsk næringsliv i Indonesia

Statsminister Erna Solberg starta si Asia-reise med å møte norsk næringsliv i Jakarta 13. april.

- Indonesia og Noreg er begge maritime nasjonar. Vi har eit godt samarbeid i dag, og vi kan dra gjensidig nytte av eit endå tettare samarbeid og meir handel mellom anna i den maritime sektoren, seier Erna Solberg.

Statsministeren meiner det er mogeleg å styrkje handelsrelasjonane mellom landa, og viste mellom anna til dei pågåande frihandelsforhandlingane mellom Indonesia og EFTA-landa.

- Norske verksemder har kompetanse som Indonesia kan nyte godt av. Dette er spesielt relevant sett opp mot president Jokowis innsats for å realisere Indonesias maritime potensiale. Vi følgjer med stor interesse utviklinga i den indonesiske maritime sektor, seier Solberg.

Signerte ny avtale
Indonesia og Noreg signerte i dag ei ny avtale om gjensidig godkjenning i samband med opplæring av og maritime sertifikat for sjømenn. Statsminister Erna Solberg var til stades då ambassadør Stig Traavik underteikna på vegne av Sjøfartsdirektoratet i Jakarta i dag, 13. april.

Indonesia er ein av verdas raskast veksande økonomiar og har opplevd sterk økonomisk vekst i ei årrekkje. Dette har ført til at stadig fleire norske verksemder etablerer seg ikkje berre i Indonesia, men i heile regionen.

I tillegg til dei ni norske verksemdene var også den indonesiske energiministeren og fiskeriministeren til stades.

Representantar frå desse norske verksemdene møtte statsministeren: PHARMAQ AS, AquaOptima AS, Kongsberg Maritime AS, Wärtsilä Oil and Gas Systems AS (WOGS), Green Energy Group AS (GEG), Statoil ASA/PT Statoil Indonesia, Höegh LNG AS/PT Hoegh LNG Lampung, SN Power AS/SN Power Philippines Inc og KF Gruppen AS.

Statsministerens serverer laks i Jakarta

Statsminister Erna Solberg serverte norsk laks i Jakarta i dag. Foto: Statsministerens kontor