Møte med OEDs kontaktutval for EU/EØS-saker

Olje- og energidepartementet arrangerer 7. desember eit møte med departementets kontaktutval for EU/EØS-saker. Den vidare utviklinga av EUs energiunion er mellom dei tema som vil bli diskutert på møtet.

Kontaktutvalet består av representantar for energibransjen og interesseorganisasjonar. Andre som ønsker å delta, blir bedt om å melde si interesse på epost til ras@oed.dep.no innan onsdag 2. desember.