Historisk arkiv

Møte med Serbias statsminister

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg møtte i dag Serbias statsminister Aleksandar Vucic.

Dei to statsministrane drøfta mellom anna potensialet for auka handel mellom Noreg og Serbia, utviklinga på Vest-Balkan og Serbias mål om EU-medlemskap.

Under andre verdskrigen vart meir enn fire tusen jugoslavar, for det meste serbarar, sende til Noreg for tvangsarbeid for Nazi-Tyskland. Færre enn halvparten av desse overlevde. Både under og etter krigen vart det knytt tette band mellom fangane og nordmenn.

- Vi minnast dei serbiske krigsfangane og deira lagnad med stor respekt, seier statsminister Solberg.

Statsminister Solberg framheva også kor viktig det er med normalisering av tilhøvet mellom Serbia og Kosovo.

- Eg forstår at samtalane mellom Serbia og Kosovo er utfordrande for båe partar, men denne prosessen er viktig for å sikre økonomisk og politisk utvikling og for stabilitet i regionen, seier Solberg.