Møte mellom regjeringa, KS og arbeidstakarorganisasjonane

Tysdag 6. oktober møter regjeringa arbeidstakarorganisasjonane og KS for å snakke om ressurssituasjonen i kommunane under koronapandemien.

Frå regjeringa møter kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup, helse- og omsorgsminister Bent Høie, finansminister Jan Tore Sanner, kunnskapsminister Guri Melby og statssekretær ved statsministeren sitt kontor, Oluf Useth.

I tillegg deltek Bjørn Arild Gram i KS, Mette Nord i LO Kommune, Steffen Handal i Unio kommune, Lizzie Ruud Thorkildsen i YS Kommune og Jan Olav Birkenhagen i Akademikerne kommune på møtet.

Tema er ressurssituasjonen i kommunane under koronapandemien.

Pressa kan å ta bilde før møtet startar, og snakke med deltakarane når møtet er slutt. På grunn av smittevern, ber vi journalistar som kjem om å sende ein e-post til [email protected] innan måndag 5. oktober klokka 16.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00