Historisk arkiv

Motorsyklar og tilhengarar slepp framleis EU-kontroll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Norske synspunkt fekk gjennomslag i dei nye reglane for EU-kontroll. Det betyr at eldre køyretøy likevel ikkje må kontrollerast oftare og at motorsyklar, lette tilhengarar og traktorar som er nytta i landbruket framleis slepp periodisk køyretøykontroll.

Norske synspunkt fekk gjennomslag i dei nye reglane for EU-kontroll. Det betyr at eldre køyretøy likevel ikkje må kontrollerast oftare og at motorsyklar, lette tilhengarar og traktorar som er nytta i landbruket framleis slepp periodisk køyretøykontroll.

Forslaget frå EU-kommisjonen i 2012 som Noreg til dels sa seg usamd i, gjekk mellom anna ut på at eldre køyretøy skulle kontrollerast oftare, og at lette tilhengarar og motorsyklar skulle omfattast av EU-kontrollen.

- Eg er glad for at EU har høyrt på oss i denne saka. Både Noreg og EU vil gjere det tryggare å ferdast i trafikken, men nokre av forslaga frå EU trefte dårleg. Dei ville hatt liten positiv effekt på trafikktryggleiken på norske vegar, og ville ført til fleire ulemper, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Dei nye reglane for EU-kontroll er vedtekne som eit direktiv, ikkje som ei forordning. Dette opnar for at vi kan tilpasse regelverket til norske tilhøve, seier samferdselsmisteren.

Hovudpunkt

Det nye regelverket viser at EU har lytta til Noreg og andre land på fleire punkt:

• Det vert likevel ikkje krav om oftare kontroll av bilar eldre enn seks år.

• Det vert ikkje kontroll av lette tilhengarar med totalvekt under 3500 kilo.

• Traktorar og andre køyretøy som er nytta i drift av jord og skog slepp EU-kontroll. For traktorar som er nytta i kommersiell vegtransport og som har lov til å køyre i høgre fart enn 40 kilometer i timen kjem det krav om kontroll.

• Lette motorsyklar og mopedar slepp periodisk køyretøykontroll. På nokre vilkår kan Noreg setje i verk tiltak som gjer at heller ikkje tunge motorsyklar får krav om EU-kontroll. Eit slikt krav er i alle høve ikkje aktuelt før 2022.

• EU vil stille nye krav til godkjenning av dei som skal utføre kontrollen, men desse krava er enno ikkje gjort kjent.

Hovudmålet for arbeidet med nytt regelverk er tryggare vegtrafikk og lågare utslepp av klimagassar.

Etter at direktivet formelt er vedteke, får Noreg tre år på å tilpasse seg til dei nye reglane.

Meir informasjon

Detaljar om direktivet er gjort greie for i ei pressemelding frå Det europeiske råd. Den fortel også om andre delar av regelverket enn dei som er nemnde her.

Les pressemeldinga frå Det europeiske råd

Tidlegare pressemelding frå Samferdselsdepartementet