Historisk arkiv

Nabolagshager

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

På taket i Schweigaardsgate 34 i Oslo spirer og gror det sommarstid. Der spankulerer hønene, og der summer biene. Nå ligg hønene i frysaren og ventar på å bli frikassé til juleavslutninga. Biene har velfortent "vinterferie" medan honningen blir slynga og tappa på glas. Nyleg var landbruks- og matminister Olaug Bollestad på vitjing.

Det er Nabolagshager som rår grunnen på taket i Schweigaardsgate. Dei er av dei mest anerkjente aktørane innan urbant landbruk i Noreg. Frå starten i 2013 har firmaet vore pionerar, og etablerte det første taklandbruket i Oslo, Tak for maten. Dei rekrutterer ungdom til deltidsarbeid, og gir desse høve til å utforske grøne framtidsjobbar og dei er med å skape positive rollemodellar.

– Det er inspirerande å sjå korleis Nabolagshager gjennom dyrking og birøkt skaper meiningsfulle jobbar til unge, og samstundes gir oss ein grønare by, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Saken fortsetter under bildet.

Idil Akdos og landbruks- og matminister Olaug Bollestad
Idil Akdos lar landbruks- og matminister Olaug Bollestad få prøve kor stor variasjon i smaken det kan vere på ulike honningar som er hausta i byen. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Det er flott å sjå at det å dyrke skaper plassar der folk kan møtast på tvers av kulturar og sosiale lag – og lære av kvarandre. Grøne byrom med vekster som kan etast er viktig for både kropp og sjel. Vi menneskje treng kontakt med jord og natur for at vi skal trivast., sier Bollestad. Ho meiner dette er berekraft i praksis. - Både miljø, økonomi og det sosiale elementet er med her. 

Honning med mange smakar

Gjennom sesongen hentar biene i bikubene på taket nektar i parkar, balkongar, bakgårder og frå frukttre og løvetannenger. Volumet og kvaliteten på honningen viser at by-biene lever godt. 

– Vi samarbeider med ein birøktar på Ås, og det blir meir honning i kubene her i byen enn ute på Ås, seier Idil Akdos, som er agroøkolog og birøktar. – Sidan biene har så stort mangfald av plantar å hauste frå, blir det også større variasjon i smaken på honningen i byen, seier Akdos.

Honning fra bikubene på takhagen Tak for Maten vann nyleg sølvmedalje i Honning-NM i kategorien «Honningdugg», som blir arrangert kvart år av Norges Birøkterlag, Honninghub, Bybi og Vossamøtet. Med rekordstor interesse og fleire hundre honningprodukt påmeldt i år, var konkurransen sterk.

Firmagaver

Lokal mat og drikke er gaver som blir satt pris på, og blir stadig mer populært som firmagaver. Over heile landet står småprodusentar klar med berekraftige og smakfulle gaveidéer. I Oslo er honningprodukta frå Nabolagshager eit godt døme; urbant biomangfold og inkludering av minoritetsungdom gir produktene ekstra verdi.

For småaktørar som Nabolagshager er store bestillingar frå firmakunder ekstra viktige.

– Vi held på å lage klar ei bestilling på fleire hundre glas honning til ein vidaregåande skole, forklarer ungdomsbirøkter Gabriela Piechocka.

Saken fortsetter under bildet.

Idil Akdos (t.v) og Gabriela Piechocka, ungdomsbirøktar, følgjer godt med når Bollestad øser opp honningen.
Idil Akdos (t.v) og Gabriela Piechocka, ungdomsbirøktar, følgjer godt med når Bollestad øser opp honningen. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Oslo Living Lab

Ungdomsprosjektet Oslo Living Lab er ein sentral del av Nabolagshager. I samarbeid med H20 vidaregåande skole, blir ungdom rekruttert til deltidsjobbar. Dei får høve til å utforske grønne framtidsjobbar. Nabolagshager får sjans til å teste ut nyskapande forretningsmodellar og bidra til å skape positive rollemodellar.

– I framtida må alle jobbar vere grøne, men vi veit ennå ikkje kva mange av desse yrka vil vere, seier Helene Gallis, som er gründer av Nabolagshager, og er direktør for partnerskap og innovasjon.

– Vi lar ungdom utforske grøne framtidsyrke som urbant landbruk og birøkt. Dei får også prøve seg på entreprenørskap og forsking som er viktig for å utvikle fleire slike arbeidsplassar, seier Gallis.

Så langt har Nabolagshager hatt ungdomsteam som har jobba med

  • Dyrking på taket og i andre prosjekt på Grønland og Tøyen
  • Birøkt
  • Kommunikasjon og marknadsføring
  • Forsking
  • Matsvinn og kompostering
  • Arrangement

Tenke- og gjeretank

I tillegg til ungdomsprosjekta, fungerer Nabolagshager som en «tenke- og gjeretank» der dei er med mange større forskingsprosjekter som m.a. er relatert til urbant landbruk og grøn byutvikling.  Statsforvaltaren i Oslo og Viken er en viktig samarbeidspartner i fleire av desse prosjekta. Nabolagshager si rolle i forskningsprosjekta om urbant landbruk handlar i hovudsak om to fokusområde; entreprenørskap innen urbant landbruk, og urbant landbruk som er verktøy for levande lokalsamfunn.

Inkubator for entreprenørskap innan urbant landbruk

Nabolagshager jobber p.t. saman med Statsforvaltarane om å utvikle ein inkubator for entreprenørskap innan urbant landbruk. Dette er et viktig grep for å utvikle framtidas arbeidsplassar som er kretsløpssmarte, nullutslepps-, biomangfoldsbyggjande og inkluderande. Det handlar om mykje meir enn å dyrke mat, - urbant landbruk er ei sentral brikke i berekraftssamfunnet.

Nasjonal strategi for urbant landbruk

Landbruks- og matdepartementet samarbeider nå tett med fem andre departementer for å lage ein nasjonal strategi for urbant landbruk. Målet med dette arbeidet er å legge til rette for det urbane landbruket i byar og tettstader. Planen er at strategien skal bli lagt fram på nyåret.

Helena Gallis (t.v.) og Olaug Bollestad er saman om Tak for Maten.
Helena Gallis (t.v.) og Olaug Bollestad er saman om Tak for Maten. Foto: Landbruks- og matdepartementet