Historisk arkiv

Nær ni av ti elevar går vidare til VG2

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Dei seks siste åra har prosentdelen elevar som går vidare frå første klasse til andre klasse på vidaregåande auka frå 84,5 til 87,5 prosent, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Det er flott å sjå at fleire elevar blir verande i skolen. Det er bra for elevane og det er bra for samfunnet vårt som treng kompetansen deira, seier kunnskaps- og integreringsminister, Trine Skei Grande.  

Dei nye tala frå Utdanningsdirektoratet viser kor mange av elevane som hadde normal studieprogresjon frå 2018 til 2019, samanlikna med tidlegare årskull. På studieførebuande utdanningsprogram gjekk 91 prosent av elevane vidare frå førsteklasse til andreklasse frå 2018 til 2019, medan 83 prosent av elevane som gjekk førsteåret på yrkesfag gjekk vidare.

Fleire elevar byrjar i lære

Pilene peikar i riktig veg for yrkesfaga. Nær halvparten av alle som går dei to første skoleåra på yrkesfag, går rett over i opplæring i ei bedrift. Det er ein auke på 12 prosentpoeng sidan 2013. Delen yrkesfagelevar som tek påbygging til generell studiekompetanse etter to år på skolen har gått ned med 7,5 prosentpoeng i same periode. Delen som sluttar etter dei to første åra på yrkesfag har gått ned med nær 6 prosentpoeng.

– Fråfallet er framleis for høgt i yrkesfaga, men eg ser at det er mykje som går rett veg. Tidlegare denne månaden fekk vi vite at åtte av ti søkarar fekk læreplass, og no ser vi at det er stadig fleire elevar som held fram i opplæringa, seier Skei Grande.

Overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring

Prosentdelen elevar som går frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring er stabilt høg med 98 prosent. Alle fylke ligg mellom 97 og 98 prosent i 2019. Det er om lag like mange gutar og jenter som byrjar rett på vidaregåande opplæring etter grunnskolen.

– Det er positivt å sjå at så mange av elevane frå ungdomsskolen vel å ta vidaregåande opplæring. Samstundes viser fråfallet på yrkesfag at mange mister motivasjonen underveis. Difor er regjeringa opptekne av sjå på korleis skolen kan styrke dei faglege føresetnadene til elevaene, slik at fleire kan lykkast, seier Trine Skei Grande.

For meir statistikk kan ein gå til Utdanningsdirektoratets sider.