Historisk arkiv

Næringsminister Iselin Nybø til Ulsteinvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Onsdag besøker næringsministeren Ulstein og den maritime klynga.

Nybø til Ulsteinvik

Få stadar er Norges posisjon som maritim stormakt meir tydeleg enn i Møre og Romsdal og på Sunnmøre. Verftsindustri, leverandørindustri, rederi og tenesteytande næring i regionen skapte verdiar for rundt 15 milliardar kroner og sysselsatte over 12 000 personar i 2018.

- Maritim næring si betydning for vekst og verdiskaping over heile landet, er ei viktig årsak til at vi har starta arbeidet med ny stortingsmelding om maritim politikk. Eg ser fram til å treffe og bli kjend med representantar frå den maritime klynga, samt sjå kva denne næringa betyr for eit lokalsamfunn som Ulsteinvik, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Næringsminister Nybø får ei omvisning på Ulstein Verft. Deretter møtar ho fleire verksemder frå næringsklynga og får mellom anna ein presentasjon om Skaparhuset.

Program onsdag 11. mars:

13.30 Næringsministeren besøker Ulstein group

15.00 Næringsministeren møter 10 verksemder på Ulstein hotel

Presse er velkomen til å delta. Pressekontakt Ella Bye, tlf. 932 68 350