Næringsministeren besøker Agra/Mills

Næringsminister Monica Mæland opnar Agra/Mills sitt nye hovudkontor i Oslo onsdag 7. desember.

Det nye hovudkontoret ligg på Grünerløkka i Oslo, i dei gamle fabrikklokala til Mills. Det var her produksjonen starta opp i 1885.

Agra blei etablert av K.K. Heje. Heje-familien eig hundre prosent av konsernet etter at dei kjøpte ut Unilever i 2015. Agra omset for om lag 3 milliardar kroner.

I tillegg til den offisielle opninga blir det omvising og presentasjon av Mills sitt arbeid med innovasjon.

Når: Onsdag 7. desember kl 14:30.

Kor: Sofienberggt 19, Oslo.