Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Næringsministeren til Arendal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Monica Mæland besøker Arendal torsdag 9. februar.

Lokalmat og industri står på programmet når næringsministeren kjem til Arendal torsdag.

Torungen

Mæland møter dagleg leiar Bjørn Simon Rød i Torungen og adm. direktør Kjetil Graver i Godtlevert. Torungen leverer varer til matkasseprodusenten Godtlevert. Næringsministeren vil få omvising og vil få høyre om korleis Godtlevert jobbar med lokale produsentar. Mæland får og møte ein bonde som leverer snåle grønsaker – mat som normalt ville gått i søpla.

Når: Klokka 10:00.

Adresse: Holmen 6, 4842 Arendal.

MacGregor

Mæland opnar MacGregor sitt nye kontor på Barbu. Ho møter president Michel van Roozendal, og får omvising på det nye bygget.

Når: 11:30

Adresse: Kystveien 18, Barbubukt.

Eyde-klynga

Mæland får ei orientering om Eyde-klynga og Arendal kommune sitt arbeid med å legge til rette for ny, grøn kraftintensiv industri på Eydehavn.

Når: 13:30.

Adresse: Kystveien 2, Arendal.