Nasjonal modell for vaksenagronomen

Landbruks- og matdepartementet har i dag mottatt ei utgreiing om ein nasjonal modell for vaksenagronomen.

Utgreiinga "Voksenagronomen – utredning av en nasjonal modell" er ei oppfølging av jordbruksoppgjøret 2016 (Prop. 133 S) der partane blei samde om å utgreie moglegheitene for å etablere ein nasjonal modell for vaksenagronomen. Utgreiinga diskuterer spørsmål knytt til innhald, organisering og kostnader ved etablering av ein slik modell.  

Rapporten er utarbeida av Trøndelag Forskning og Utvikling i samarbeid med Østlandsforskning, på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.

 Mange motiverte og kunnskapshungrige bønder har behov for meir faglig utvikling på landbruksområdet, ein kompetanse som ein også gjerne vil ha dokumentert. Samtidig veit vi at mange av dei som skal inn i næringa har ei anna utdanning frå før, og ønsker seg meir agronomikompetanse. Difor har eg bedt om ei utgreiing om korleis ein kan utvikle eit standardisert, men fleksibelt tilbod om agronomutdanning for vaksne. Eit slikt tilbod vil styrke kompetansen til dei som ønsker å satse på landbruket og utvikle garden sin vidare. Eg ser fram til å lese rapporten, og vil komme tilbake til korleis eg skal følgje den opp, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.