Nasjonal strategi om sosiale helseskilnader

Regjeringa får internasjonale innspel i arbeidet med å jamne ut sosiale helseskilnader.

Målet med regjeringa si helsepolitikk er å skape helsefremmande samfunn, førebygge sjukdom og sikre likeverdige og desentraliserte helsetenester i heile landet.

Avgjerande med ei sterk offentleg helseteneste

Ei sterk offentleg helseteneste styrt av fellesskapet og finansiert over skattesetelen er avgjerande i kampen mot auka sosiale og geografiske skilnader og mot ei todeling av helsetenesta.

No skal regjeringa sette i gang arbeidet med ein ny nasjonal strategi om sosiale helseskilnader.

– For å fremme folkehelse i Noreg er det viktig å jamne ut økonomiske og sosiale skilnader. Sosial ulikskap i helse er ei etisk, velferdsmessig og økonomisk utfordring. Regjeringa vil prioritere folkehelsearbeidet og kampen mot sosiale helseskilnader for å sikre eit betre og meir berekraftig samfunn for framtida, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Samarbeid med forskingsmiljø i London

Regjeringa har gjennom Helsedirektoratet etablert eit samarbeid med eit leiande forskingsmiljø i London, leia av sir Michael Marmot. Marmot er utdanna lege, og arbeider som professor i epidemiologi og folkehelse ved University College of London (UCL).

Marmot og teamet hans skal analysere den norske politikken, og gi råd om politikkutvikling på området.

NTNU er norsk partnar i dette arbeidet. Ein rapport frå UCL er klar ved årsskiftet, og vil vere eit viktig grunnlag for ein ny nasjonal strategi for å jamne ut sosiale helseskilnader. Strategien vil inngå i ny stortingsmelding om folkehelsepolitikken, som blir lagt fram våren 2023.

– Internasjonale perspektiv og ei ekstern vurdering av den norske politikken vil hjelpe oss å kome vidare i arbeidet med å jamne ut sosiale helseskilnader, seier Kjerkol.

Store innsparingar mogleg

Nasjonalforeningen for folkehelsen presenterer i dag rapporten Sosial ulikhet tar liv.

Rapporten peiker på at vi kan spare 40 prosent av tapte leveår i befolkninga dersom vi blir betre til å jamne ut sosiale helseskilnader. Rapporten er eit viktig innspel til det vidare arbeidet til regjeringa. 

Marmot har leia fleire internasjonale kommisjonar som har gitt anbefalingar til Verdas helseorganisasjon, EU og den britiske regjeringa om politikk for å jamne ut sosiale helseskilnader.

- Vi ønsker betre kunnskap om kva som fører til ulikskap i det norske samfunnet, og treffsikre tiltak mot dette. Med sin kompetanse kan Marmot gi oss innspel til tiltak som bidrar til betre folkehelse og mindre sosial ulikskap, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.