Historisk arkiv

Møte mellom forsvarsministrane i NATO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

På agendaen for NATOs forsvarsministermøte 17. -18. februar står mellom anna operasjonane i Afghanistan og Irak, byrdefordeling, konseptet for avskrekking og forsvar (DDA) og utviklinga av NATO.

Dei fleste diskusjonane vil vere mellom dei allierte nasjonane, men Sverige, Finland og EU er inviterte til å diskutere felles tryggingsutfordringar og korleis det samarbeidet NATO og EU har kan styrkast i eit transatlantisk perspektiv.

Dette møtet vil vere det første forsvarsministermøtet NATO har med den nye Biden-administrasjonen.

Møtet er digitalt.

Praktisk informasjon:

Forsvarsministeren er tilgjengeleg for intervju etter møta. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Marita I. Wangberg for å setje opp avtale.
E-post miw@fd.dep.no og telefon 905 123 19.

Meir informasjon:
https://www.nato.int/cps/en/natohq/news_181162.htm