Førebygging og beredskap avgjerande i kampen mot naturkatastrofar

FNs tredje verdskonferanse om katastrofeførebygging går no føre seg i Sendai i Japan. Statssekretær Hans Brattskar leiar den norske delegasjonen.

Hovudtema på konferansen er korleis risikoen for naturkatastrofar kan reduserast for å spare menneskeliv, hindre økonomiske tap og førebygge skader på miljøet.

Konferansen skal vedta ei politisk erklæring og eit rammeverk for katastrofeførebygging dei neste femten åra.

I innlegget sitt streka Brattskar under behovet for eit enkelt og lett målbart rammeverk som kan gjera landa betre rusta mot naturkatastrofar. Han la også vekt på at arbeidet mot naturkatastrofar må vera godt koordinert med dei nye bærekraftsmåla som FN skal vedta i september og med klimatoppmøtet i Paris i desember.