Historisk arkiv

Navne- og tittelskifte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

1. april skifta Sosial- og helsedirektoratet namn til Helsedirektoratet.

1. april skifta Sosial- og helsedirektoratet namn til Helsedirektoratet.

Kongen i statsråd beslutta 14. mars at Sosial- og helsedirektoratet skal skifte namn til Helsedirektoratet. Namnendringa skuldast at ansvaret for oppgåvene som Sosial- og helsedirektoratet utførde for Arbeids- og inkluderingsdepartementet blei overført til Arbeids- og velferdsdirektoratet 10. mars d.å.

Oppgåvene som blei overført er primært fag- og forvaltningsansvaret for økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogrammet, og enkelte andre delar av sosialtenestelova.  I tillegg blei ansvaret overført for gjennomføring av enkelte tiltak i regjeringa sin Handlingsplan mot fattigdom.

29.06.07 blei direktør Bjørn-Inge Larsen utnemnd for ein ny periode på 6 år til direktør for Sosial- og helsedirektoratet med arbeidstittel sosial- og helsedirektør. Etter namneendringa til Helsedirektoratet 1.4.08 har Bjørn-Inge Larsen arbeidstittel helsedirektør.

22.12.06 blei direktør Lars E. Hanssen utnemnd for ein ny periode på 6 år til direktør for Statens helsetilsyn med arbeidstittel helsetilsynsdirektør.


 

Til toppen