Historisk arkiv

Nedgang i kornprisen på verdensmarknaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) gjekk ned med 0,9 prosent i november. Alle kornråvarer opplevde prisnedgang, blant anna gjekk prisen på kveite ned med 5,6 prosent.

Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 5,7 prosent ifølgje IMF. Dette har skjedd trass i kraftig prisauke på sjømat (40,5 %). Hovudårsaka er betydeleg prisfall på råvarer innanfor gruppene kornvarer og vegetabilske oljer/protein.

Korn
Dei siste 12 månadane har prisane på kornvarer samla gått ned med 26,3 prosent. Dette er ikkje overraskande ettersom førre års kornsesong var prega av tørke med påfølgjande høge prisar på alle kornvarer. (Foto: Torbjørn Tandberg)