Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vi mistar ikkje råderetten over norsk jernbane

Svarinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale. Publisert i Stavanger Aftenblad 14. oktober.

Lokaltog                                                                                                            Foto: Olav Heggø

Det overordna målet med EUs fjerde jernbanepakke er å revitalisere jernbanesektoren i Europa og gjere den meir konkurransedyktig overfor andre transportformer. Med pakka blir det innført regler som skal forenkle og harmonisere prosessane for å godkjenne nytt togmateriell og gi sikkerheitssertifikat til togselskap. I tillegg er det krav som legg til rette for økt bruk av konkurranse på likeverdige vilkår.

Jernbanesektoren i Europa har hatt utfordringar med nasjonale særordningar som har gjort det vanskeleg for nye aktørar å etablere seg med nye, gode tenester. Dette har bidrege til å svekkje jernbanen i konkurranse med mellom anna vegtransport.

Med pakka kan vi halde fram med våre strenge krav til sikkerheit og kontroll med trafikken på norsk jernbane, og Statens jernbanetilsyn vil framleis ha siste ord om sikkerheita. 

Tog, skjener, signalanlegg, stasjonar, billettsystem, Vy og verkstader kjem framleis til å vere statleg eigd. Drift, vedlikehald, utbygging og planlegging av jernbanen i Noreg skal sjølvsagt òg vere statleg styrt. Som eg tidlegare har understreka, skal vi framleis bestemme over og kontrollere norsk jernbane, sjølv om distriktssekretær Odd Helge Henriksen i LO Stat Rogaland, Aust- og Vest-Agder hevdar at vi mistar råderetten ved å innføre EUs fjerde jernbanepakke (Stavanger Aftenblad, 21. oktober). 

Det verkar som om Henriksen fryktar at Statens jernbanetilsyns arbeid med sikkerheit blir svekt ved innføring av jernbanepakka. Det er ingen grunn til uro, fordi sikkerheitstilsynet skal halde fram som før. Statens jernbanetilsyn har fått ei ny rolle som marknadsovervakingsorgan for jernbanen - i tillegg til rolla som sikkerheitstilsyn. Formålet er å sjekke at det er likeverdige vilkår for aktørane i marknaden. Dette skal ikkje gå utover utøvinga av sikkerheitstilsynet. 

Sikkerheitsnivået på jernbanen både i Noreg og i Europa er høgt. Målet til både Noreg og EU er å gjere jernbanen enda sikrare. Det har lenge vore slik at kvar jernbaneverksemd ber sitt ansvar for sikkerheita på jernbanen. EUs fjerde jernbanepakke gjer dette enda klårare ved å stille opp tydelege krav til kva verksemdene skal ha av interne krav i sine sikkerheitsstyringssystem, slik at dei kan ta  vare på sikkerheita innafor si verksemd. Den faktiske gjennomføringa av desse krava vil vere under tilsyn frå norske myndigheiter.

EU har ikkje som mål å fjerne sikkerheitskrav, slik Henriksen påstår. Målet er at alle jernbaneverksemder i heile Europa skal vere underlagd dei same krava til korleis dei skal drive sikkerheitsstyring. Det er slik moderne sikkerheitstenking fungerer i andre sektorar med eit høgt sikkerheitsnivå, som i luftfart og offshoreverksemd.

Litt underleg er det at Henriksen etterspør tiltak for godsoverføring frå veg til jernbane. Eg kan nemne at regjeringa innførte ei treårig støtteordning for dette i tidlegare i år. I tillegg har vi ei rekordstor satsing på jernbanen. Med budsjettforslaget for 2020 har vi auka løyvingane med 88 prosent etter regjeringsskiftet i 2013. Fleire av tiltaka i budsjettet kjem godstrafikken til gode.

I sitt innlegg kjem Henriksen inn på konkurransevilkåra for vegtransporten i Europa.  LO og Henriksen bør òg vere klar over at den norske regjeringa arbeider aktivt opp mot EU for meir rettferdige konkurransevilkår på dette feltet. Dersom regelverket blir endra i tråd med våre innspel, vil det vere ein positiv sideeffekt om meir gods blir transportert på jernbanen. Men korkje styresmaktene i Noreg eller EU kan fatte avgjerder om korleis varene skal bli frakta. Det er vareeigarane som til sjuande og sist vel om dei vil sende godset med lastebil, tog, skip eller fly. Den fjerde jernbanepakka legg uansett til rette for at fleire vareeigarar vil vurdere tog.

Til toppen