Historisk arkiv

Nei, vi undergrev ikkje Vy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Svarinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale. Publisert i Nationen 28. oktober 2019.

I desember i år er det trafikkstart for Go-Ahead på Sørlandsbanen og i juni neste år tar SJ over ansvaret for persontogtilboda i nord. Trafikkavtalane som Jernbanedirektoratet har inngått med operatørane gir eit betre togtilbod, samstundes som staten sparar fleire milliardar.

Pengane som vi sparar på konkurransane ønskjer vi mellom anna til å investere i tiltak som styrkjer togtilbodet. I statsbudsjettet for 2020 går vi inn for å starte elektrifiseringa av Trønder- og Meråkerbanen. Det trur eg at dei reisande i Trøndelag er glade for.

Dette gjer vi sjølvsagt innanfor statlege rammer. Som eg har understreka fleire gonger skal staten framleis eige infrastruktur, tog, billettsystem, togverkstader og styre togtilbodet. Det er heilt avgjerande at konkurransane om persontogtilboda skjer på likeverdige vilkår. Vi skal konkurranseutsetje, ikkje privatisere. Det er ikkje det same.

Dersom Vy framleis skulle ha eigd tog, verkstader og billettsystem, ville selskapet hatt ein fordel til hinder for rettferdig konkurranse om togtilboda. Med jernbanereforma har vi skilt ut ulike funksjonar i eigne, statlege selskap for å kunne gjennomføre konkurransar på like vilkår. Organiseringa i jernbanesektoren gir dessutan spesialiserte aktørar som er best på det som er akkurat deira oppgåver. Staten eig difor eigne selskap for tog, togverkstader og billettsystem, som blir stilte til disposisjon for togselskap som vinn konkurransar.

For å sikre prosessar som er uavhengige av skiftande regjeringar, er oppgåva med å gjennomføre konkurransane om drift av persontogtilboda lagt til Jernbanedirektoratet. Å hevde at konkurransane har vore lagt opp slik at Vy skulle tape, slik Nissen gjer, er feil og urimeleg.

Jernbanedirektoratet har gjennomført konkurransane på ein god måte. Til dømes har Vy uttalt at selskapet ikkje hadde grunnlag for å klage på at SJ vann Trafikkpakke 2: Nord. Vy har vore med i sluttspurten i dei to konkurransane som hittil er gjennomførte. Dette viser at selskapet er konkurransedyktig.

Nei, vi undergrev ikkje Vy. Vi gir selskapet moglegheita til å delta i konkurransar på like vilkår som alle andre selskap. Eg er òg viss på at Jernbanedirektoratet kjem til å gjennomføre dei komande konkurranserundane på ein god måte.