Historisk arkiv

Nesten null-energibygg i 2020?

Passivhusnivå i alle nye bygg kan verte realitet allereie frå 2015. Frå 2020 er det muleg å krevje at nye bygg er ”nesten null-energibygg” - bygg som brukar lite, og nær 100 prosent fornybar, energi til oppvarming. Det syner rapporten frå arbeidsgruppa for energieffektivisering av bygg.

Passivhusnivå i alle nye bygg kan verte realitet allereie frå 2015. Frå 2020 er det muleg å krevje at nye bygg er ”nesten null-energibygg” - bygg som brukar lite, og nær 100 prosent fornybar, energi til oppvarming. Det syner rapporten frå arbeidsgruppa for energieffektivisering av bygg.

Arbeidsgruppa vart sett ned av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i desember 2009 og har vore leia av Eli Arnstad.

- Arbeidsgruppa stadfestar at det er realistisk med eit høgt ambisjonsnivå. Eg har fleire gonger sagt at vi bør kunne halvere energibruken i bygg, noko gruppa meiner er muleg innan 2040. Eg kan allereie no love å stramme inn energikrava til nye bygg. Vi vil i nær framtid starte arbeidet med ein ny revisjon av byggjeforskriftene, seier Navarsete.

Arbeidsgruppa understrekar at det er ambisiøst, men realistisk, å spare 10 TWh i året innan 2020. Truleg kan innsparinga bli i storleiksorden 40 TWh innan 2040, ei halvering av den årlege energibruken i bygg som i dag er på 80 TWh.  

Gruppa har gjort framlegg om tiltak for både nye og eksisterande bygg. For å nå måla er det naudsynt med eit kraftig nasjonalt løft med forskriftsendringar, økonomiske støtteordningar, kompetanseheving, meir forsking og åtferdsendringar, heiter det  i rapporten. Gruppa meiner det er grunnleggjande at myndigheitene definerer klåre og presise mål og at rammene for gjennomføring er eintydige og langsiktige.

- Arbeidsgruppa har fått til ein omfattande rapport på berre eit halvår. Vi vil mellom anna bruke rapporten som eit av grunnlaga for stortingsmeldinga om byggjepolitikken som vi skal leggje fram hausten 2011, seier Navarsete.

Arbeidsgruppa, som har hatt 16 medlemmar som representerer  næringsorganisasjonar, utøvande i byggenæringa, kommunar, universitet og forsking, naturvernorganisasjonar og offentlege etatar, har delt seg berre på eit punkt. Byggenæringens Landsforening (BNL) sin representant har reservert seg mot forslaget om å setje krav i byggjeforskriftene til passivhus-nivå i 2015, men støttar framlegget om krav til nesten nullenergi-nivå i 2020.  


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.