Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Nesvik til Pelagisk Arena 2019

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik deltek på Pelagisk Arena 5. september i Ålesund.

Nesvik vil blant anna halde innlegg om sjømat og behovet for gode internasjonale handelsavtalar. I tillegg vil han møte representantar i næringa til debatt.

Kvart år møtast heile pelagisk sektor, styresmakter, forsking og andre interessentar til Pelagisk Arena.

- Som fiskeri- og sjømatminister jobbar eg kontinuerleg med å sikre norsk sjømat marknadsadgang rundt om i verda. Samtidig som nye handelsavtalar er inngåtte har noverande avtalar blitt forbetra. Vi har nyleg inngått handelsavtalar med Indonesia og Filippinane. Desse avtalane gjev norske sjømatbedrifter tilgang til marknader med over 36 millionar innbyggjarar, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

- Eg er også nøgd med den positive utviklinga i eksporttala til Kina. I oktober vil eg møte dei kinesiske kollegaene mine for å fortsetje arbeidet med å sikre føreseielege rammar og auke eksporten av sjømat til Kina, seier fiskeri- og sjømatministeren.

I fyrste halvår var Sør-Korea vårt nest største laksemarknad i Asia, ikkje mykje etter Japan.

- For oss er det viktig å halde god kontakt med sør-koreanske styresmakter. I haust skal eg også reise til Sør-Korea for å møte min kollega, og Mattilsynet arbeider no med ein samarbeidsavtale med dei sør-koreanske motpartane sine, seier Nesvik.

Stad: Scandic Parken Hotel, Ålesund

Program og meir om Pelagisk Arena (FHF sine nettsider)

 

Til toppen