Utlysing: Hjelp menneskerettsorganisasjonar i Kroatia

EØS-midlane

Gjennom EØS-midlane støtter Noreg organisasjonar som fremmer menneskerettar i Kroatia. Norske organisasjonar er invitert til å samarbeide med kroatiske partnarar for å styrke dette arbeidet. Fristen for å søke er 30. september.

Utlysinga skjer gjennom eit eige NGO-program i Kroatia som Noreg finansierer gjennom EØS-midlane.

Om lag 2,5 millionar kroner skal fordelast til prosjekt som bidreg til å

  • auke kapasiteten og kompetansen til lokale menneskerettsorganisasjonar
  • sikre berekrafta til lokale MR-organisasjonar

Eitt av føremåla med EØS-midlane er å styrke samarbeidet og kontakten mellom Noreg og mottakarlanda. Det er difor lagt til rette for og oppmuntra til at norske organisasjonar deltar i gjennomføringa av prosjekt innanfor deira eigne kompetanseområde. Utgiftene til slik deltaking vert dekka gjennom EØS-midlane.

Medan den kroatiske partnaren må vere ein NGO (frivillig organisasjon), er det ikkje slike avgrensingar for norske partnarar.

Helsingforskomiteen kan svare på ytterlegare spørsmål og hjelpe til med å finne potensielle partnarar i Kroatia.

Frist
30. september 2015.

Les meir