Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

No kan språknøytrale kommunar få nynorskpris

Prisen «Årets nynorskkommune» treng ikkje lenger å gå til ein nynorskkommune. Kulturdepartementet opnar no for å inkludere språknøytrale kommunar som legg godt til rette for nynorskbruk.

Tradisjonelt har prisen vore reservert for kommunar med nynorsk målvedtak. No kan også andre kommunar som legg godt til rette for bruk av nynorsk, bli årets nynorskkommune.

Alle som er stolte av nynorskarbeidet i kommunen eller fylkeskommunen sin, kan nominere ein kandidat til årets nynorskkommune.

Den heldige vinnaren får 100 000 kroner. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar eller fylkeskommunar som har vore med før.

Språkrådet leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. Nominasjonar kan sendast inn via www.språkrådet.no innan 1. oktober.

Les meir på nettsida til Språkrådet

Til toppen